Forskning

Forskar på politikk for nøysemd

Det ville vere mykje lettare å nå måla i klimapolitikken dersom vi vart samde om å ikkje bruke meir energi enn vi treng. Frauke Wiese forskar på korleis det kan gjerast.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Anten vi vil eller ikkje, må Noreg gjennom ei energiomstilling i tida som kjem. Det blir produsert uendeleg med spaltemeter om ulike energikjelder, straumnett, stabilitet, effekt, effektivisering, lagringskapasitet og prisar, men påfallande lite om noko som vil vere til stor hjelp for å redusere utslepp frå energiforbruk: Nemleg å bruke mindre.

– Eg har alltid lurt på kvifor vi legg så lite innsats i etterspørselssida, seier Frauke Wiese ved Europa-Universität Flensburg i Tyskland. Der leier ho ei forskargruppe som studerer korleis tilstrekkelegheit (sufficiency) kan bidra til at ein når måla i klima- og energipolitikken.

Kor mykje er nok?

– Eg har eigentleg ingeniørbakgrunn og dreiv først med å modellere energisystem. Kor store utsleppskutt kan ulike energiteknologiar bidra med, og korleis kan dei best utfylle kvarandre? fortel ho.

Men ho hadde ei kjensle av at ein viktig faktor i reknestykket vart oversett: Kor mykje energi trengst eigentleg?

– Det har jo med åtferd å gjere, og vi teknologar anar ingenting om slikt og vil helst ikkje trekke det inn i modellane, for då kan vi bli skulda for å basere oss på urealistiske antakingar.

Men då gløymer ein at alle forsøk på å modellere eit utsleppsfritt energisystem, før eller seinare må gjere antakingar som kan skuldast for manglande realisme, meiner ho.

– Modellar som kviler på at vi skal lagre enorme mengder CO2 i havbotnen eller byggje ut utsleppsfri teknologi i eit vanvittig tempo – ja, du kan talfeste kva som må til, men det vil ikkje dermed seie at det er realistisk, seier ho.

Det personlege er politisk

I den grad energitilstrekkelegheit får plass i offentleg debatt, er det gjerne i form av appellar til personleg nøysemd1: Vi må alle bli flinkare til å leggje band på oss. Men Wiese og kollegaene hennar er meir interesserte i dei politiske rammene.

– I dag gjev rammene, både dei politiske og dei kulturelle, lite rom for nøysemd. Kvifor skal eg ta bussen når bil er meir praktisk, og kvifor skal eg ta toget når det er billegare å fly? illustrerer ho.

Men som vi allereie veit frå til dømes arbeidet med å avgrense biltrafikken i norske byar, kan desse rammene endrast, og ein kan modellere effekten. Wiese si forskargruppe var for eit par år sidan del av eit stort europeisk prosjekt2 som utforska korleis Europa kunne oppnå sine klimamål dersom utbygging av fornybar energi og tiltak for energieffektivisering vart supplert med politikk for tilstrekkelegheit.

Her viste dei mellom anna at energiforbruket ved mobilitet og transport kan reduserast frå 4000 terrawattimar i 2019, til om lag 1200 terrawattimar i 2050. Det kan skje ved å kombinere elektrifisering og effektivisering med tiltak som lågare fartsgrenser, meir bildeling, utbygging av kollektivtransport og forbod mot fly og bil der det finst gode kollektive alternativ.

– Det finst allereie mykje empirisk forsking på mobilitet, om kor mange vegar og kollektivruter som finst, og kor utbreidd det er å eige bil, og kva som skal til for at folk vel å byte frå éi transportform til ei anna. Ved å integrere så mykje av dette som råd i transportmodellen vår, kunne vi samanlikne scenario med og utan politikk for tilstrekkelegheit, fortel Wiese.

Frå motstand til entusiasme

Det er stor skilnad på dei ulike samfunnssektorane, bygningssektoren er til dømes ikkje lett å endre på. For tida arbeider forskargruppa med dette, med utgangspunkt i data frå Tyskland om kva som kjenneteiknar hushaldningar som bur på større og mindre plass, og kva flyttemønster ulike hushaldningar har.

– Kva vil då skje om ein introduserer tilstrekkelegheitspolitikk som økonomisk støtte til å dele opp store einebustader der berre ein eller to personar bur, i fleire bueiningar? Eller rådgjeving om flytting til mindre husvere, eller skattlegging av sekundærbustader? Slikt prøver vi å modellere no, seier ho.

At styresmaktene skal regulere folks buareal, får mange til å reagere negativt, men erfaring viser at det er mogleg, fortel Wiese. Forskargruppa hennar har studert ei unik form for bustadregulering i Sveits,3 der mange bustadsamvirke og kommunale bustadformidlarar stiller krav om at bustaden du leiger, ikkje skal ha meir enn eitt rom meir enn det er personar i husstanden. Ein husstand på tre personar får maksimalt fire rom, og blir husstanden større eller mindre, må ein flytte innan ei viss tid.

– Hadde du foreslått noko slikt i Tyskland, ville folk sagt: Kva er dette for øko-terrorisme? Men dei som lever med dette i Sveits, er svært nøgde, fortel Wiese.

Dei kunne fortelje at fordelane var mange: Det er organisasjonen som har ansvar for å finne nytt husvære når dei må flytte, og dei kan alltid velje mellom fleire moglege bustader. Dei kan vere sikre på å få ein bustad som passar deira behov, og fordi leiga er regulert, slepp dei å forhalde seg til den dyre og uføreseielege private bustadmarknaden. Og ikkje minst har dei sjølve valt å innrette seg etter reglane og veit at alle får lik behandling.

– Det er eit døme på politikk som mange ved første augnekast vil avskrive som utenkjeleg, men som viser seg å kunne fungere godt når det blir implementert på ein god måte, seier ho.

Herifrå til framtida

Forskargruppa er i ferd med å byggje opp ein database over politiske tiltak for tilstrekkelegheit som allereie finst. For det manglar ikkje på tiltak, frå bilfrie soner til frequent flyer-avgifter til regulering av garantitider og forbod mot planlagd forelding for elektriske artiklar. I utgangspunktet var planen å utvikle ein «tilstrekkelegheitsmodul» som andre forskarar kunne integrere i sine respektive energisystemmodellar. Men dette måtte dei revurdere.

– Energisystemmodellar er vanlegvis laga for å optimere størst mogleg utsleppskutt for lågast mogleg kostnad. Skal ein inkludere tilstrekkelegheit i ein slik modell, må ein anten basere seg på antakingar om etterspørsel, eller ein må sette ein prislapp på tiltaka. Men vår tilnærming er: Kva må vi gjere for å kome til det framtidsscenariet vi ønskjer oss? For å kunne svare på det, må vi gå meir detaljert til verks for å modellere energietterspørsel i dei ulike sektorane, fortel Wiese.

Den attraktive nøysemda

Wiese er ikkje den einaste som forskar på energitilstrekkelegheit. Fleire store EU-finansierte prosjekt undersøker liknande problemstillingar, og det finst ei mengd organisasjonar som arbeider for det same. Likevel er temaet nesten fråverande i norsk politisk offentlegheit. Korleis er det i Tyskland?

– Eg vil seie debatten har utvikla seg, seier ho.

– Då eg først byrja studere dette, hadde eg kjensla av at vi var svært få som var interesserte i det. Men det endra seg under energikrisa [i kjølvatnet av Russlands åtak på Ukraina, journ.mrk.]. Då vart vi bedne av styresmaktene om å føreslå tiltak for å redusere energiforbruket.

Det var ikkje berre enkelt, fortel ho, for styresmaktene trong tiltak som kunne redusere forbruket raskt, men tilstrekkelegheit inneber langsiktige tiltak på strukturelt nivå. På den andre sida, dersom krisetiltaka er for brutale og upopulære, vil det påverke legitimiteten til dei langsiktige strukturendringane.

– Så det gjeld å finne ut korleis tilstrekkelegheit kan vere attraktivt for folk. At det kan vere positivt å bu i ein by med lite biltrafikk, eller i eit husvære som er passe stort.

Fordelen er at sjølv om mange tiltak kan vere vanskelege å innføre, så er dei minst like vanskelege å fjerne når dei først er innført.

– Det kan vere veldig vanskeleg å gjere ei bilgate om til ei gågate, men når det først er gjort, vil ingen tilbake. Og slik trur eg det er med mange av tiltaka vi studerer, seier Wiese.

Illustrasjonsfoto: Frauke Wiese ved Europa-Universität Flensburg leier ei forskargruppe som studerer korleis tilstrekkelegheit kan bidra til at ein når måla i klima- og energipolitikken. Foto: sascha hilgers1


  1. https://bit.ly/4uabQJY ↩︎
  2. https://bit.ly/4dBnU0M ↩︎
  3. https://bit.ly/4uLshw9 ↩︎