Forskning

Når forsking blir ufarleg – ein prat med Paula Stephan

Forskarar søker stadig meir mot det trygge og viser liten vilje til å ta risiko i forskinga si. Kva kjem det av, og er det nødvendigvis dumt?

Kjerstin Gjengedal, journalist, kjerstin.gjengedal@runbox.no

– Det er i alle fall ei gjennomgåande opp­fatning hos folk eg snakkar med, at ein ikkje får finansiert risikabel forsking i dag, seier økonomiprofessor Paula Stephan ved Georgia State University i USA. Stephan har gjennom ein lang karriere arbeidd med den økonomiske dimensjonen ved vitskapen og konsekvensane for den individuelle forskaren. Boka hennar How Economics Shapes Science frå 2012 er ein moderne klassikar der ho ser på korleis forskarar og institusjonar oppfører seg i møte med dei økonomiske strukturane i forskingsverda.­

Forskningspolitikk møter henne i Leiden i Nederland, der ho er ein av hovudinn­leiarane på ein internasjonal konferanse om bruk av måleindikatorar i vitskapen. Temaet hennar er nettopp risikovilje i forsking.

Vanskeleg å måle
– Ein ting er at alle meiner det er slik, men kva veit vi eigentleg?
– Ja, det er eit viktig spørsmål. Risiko­taking er ikkje lett å måle, seier Stephan.

Fleire, inkludert henne sjølv, har likevel prøvd, for det meste indirekte via biblio­metriske mål. Allereie der støyter ein på problemet med at forsking som er så risi­kabel, eller feilar så spektakulært at han aldri blir publisert, ikkje blir fanga opp.

I ein studie samanlikna forskarane artik­lar i den biomedisinske artikkeldatabasen MEDLINE, og kategoriserte dei etter i kva grad dei introduserte heilt nye kjemiske forbindingar. Forskarane fann at over tid gjekk andelen artiklar som omhandla tid­legare heilt uutforska substansar, ned.

Dei aller mest nyskapande artiklane vart sitert 50 prosent meir enn dei som omhandla allereie eksisterande forbindin­gar, men dei artiklane som låg midt imel­lom – kjende substansar på litt nye måtar – vart sitert 30 prosent meir. Det kan tyde på at forskarar fint kan bygge ein respekta­bel karriere ved å ta små steg framover, og at gevinsten ved å ta spranget inn i det ukjende, sjeldan er verd risikoen.

Risiko som novelty
Sjølv har Stephan sett på novelty, målt ved i kva grad ein artikkel siterer kombinasjo­nar av referansar som ikkje er sett tidlegare.

– Berre ein liten del av artiklane vi stu­derte, var nyskapande etter dette målet. Men dei som var det, hadde mykje høgare sjanse for å bli høgt siterte. Men, det var også meir sannsynleg at dei ikkje ville bli siterte. Variasjonen i utfall var mykje større.

Dei fann også at dei nyskapande artik­lane ikkje byrja samle siteringar før etter fleire år, og dei vart sjeldan publisert i tids­skrift med høg såkalla impact factor (IF).

– Det stimulerer ikkje til å ta risiko på kort sikt, meiner Stephan.

Eit forsøk ved Harvard Medical School viste at evaluatorar som skulle vurdere prosjektsøknader, systematisk gav lågare poengsum til svært nyskapande prosjekt, målt ved kombinasjonen av faglege nøkkelord.

– Så mykje tyder på at aversjonen mot risiko ligg både i finansieringsstrukturen og hos dei som evaluerer. Eg har sjølv sete i eit slikt evalueringspanel hos National In­stitutes of Health, og der var det godt kjend at hadde ikkje forskarane førebelse data å leggje fram, fekk dei ingen pengar.

Dei som finansierer forsking, tenkjer sjeldan på korleis den samla porteføljen ser ut, kvar søknad blir vurdert for seg utan at nokon tenkjer på om det blir plass til ein viss del høgrisikoprosjekt i heilska­pen. Og institusjonane forventar i stadig større grad at forskarar skal betale for si eiga forsking ved å skaffe eksterne midlar, det er det viktigaste målet på suksess. Dermed konsoliderer dei dette mønsteret, seier ho.

Eigne risiko-program
Eit anna teikn på at risikoåtferd ikkje blir premiert i dei eksisterande strukturane, er at det no kjem eigne program for forsking med høg risiko. Før nemnde National Institu­tes of Health har eit eige «high-risk, high­reward»-program for livsvitskapane. Det europeiske forskingsrådet ERC, som vart etablert i 2007 for å auke kvaliteten på eu­ropeisk forsking, siktar seg også eksplisitt inn mot prosjekt som er «high risk, high gain».

– ERC-stipenda er det neste eg og kol­legaene mine vil undersøke. Dei snakkar heilt klart mykje om risiko, men legg dei til rette for det i praksis? spør Stephan.

Ho meiner det står att å sjå om euro­peisk forskingspolitikk vil vise seg å vere betre eigna til å fostre høgrisikoforsking enn det amerikanske systemet ho er best kjent med. Risiko er til dømes eit uttalt aspekt ved mission-tankegangen som står sentralt i det neste EU-rammeprogram­met. Missions er tverrsektorielle satsingar med sikte på å løyse viktige samfunnspro­blem, konkrete nok til at ein kan slå fast om problemet er løyst eller ikkje, men opne nok til at det kan vere mange vegar til målet – og med aksept for at ein del av vegane vil vise seg å ikkje føre nokon stad.

– For meg verkar dette med missions litt inkonsekvent. Inntrykket mitt er at Europa for tida går sterkt inn for pro­blemløysande forsking, og eg ser ikkje at ein kort tidshorisont går godt i hop med risikotaking i forsking, seier Stephan.

Aggregert risiko
Ein ting ho berømmer ERC for, er at dei ikkje forlangar at forskarar skal oppgje siteringsindeks eller impact factor i søkna­den sin.

– Det er heilt rett gjort av dei. Sterkt fokus på bibliometriske indikatorar over korte tidsrom, oppmodar ikkje til å ta ri­siko. Men vi ser jo at forskarar oppgjev slike ting i søknadane likevel. Det kan sjå ut som vi har ein situasjon der ingen kan slutte med det før alle andre gjer det.

Ho er spent på korleis forskarar skriv om risiko i søknadane sine, for det er van­skeleg å få grep om akkurat kva risiko er, og ikkje minst kor stor den er. Det er stor skilnad på eit prosjekt der du risikerer å ikkje oppnå det spesifikke resultatet du ønskte å oppnå, og eit prosjekt der du kjenner deg nokså sikker på å finne noko, men du har inga aning om kva, eller om det vil vise seg å vere verdfullt.

Så langt har tenking om risikotaking helst handla om mikronivået, den indivi­duelle forskaren og strukturane ho støyter mot. Etter kvart trur Stephan det kan vere interessant å sjå på makronivået. Er forde­linga av risiko annleis der? Som eit døme peikar ho på at nesten all livsvitskapleg forsking som nyttar dyremodellar, brukar mus som forsøksdyr.

– Trass i at vi godt veit at dei fleste medisinar som verkar på mus, ikkje verkar på menneske. Er mus dårleg eigna som modell, eller har vi teke så sterk kontroll over liva til laboratoriemysene at dei ikkje lenger kan fortelje oss noko om oss sjølve? Likevel held vi fram å pøse pengar inn i slik forsking. Det reiser interessante spørs­mål om vi tek for stor risiko på makronivå, men for lite på mikronivå.

Staten må på banen
– Men kan ikkje forsking fungere heilt fint som ein daglegdags problemløysar?

– Om det er så viktig at forskarar tek risiko? Det som kjenneteiknar risikabel forsking, er at variasjonen i utfall er så my­kje større. Eg meiner det er grunn til å tru at det som vil vise seg å utgjere ein forskjell i framtida, er risikofylt i dag, meiner Stephan.

Og det er grunnen til at styresmaktene må på banen.

Selskap driv ikkje med slikt. Selskap driv kortsiktig, risikofri forsking. Difor er det staten som må gå inn og finansiere den risikable forskinga. Det er ingen vits i at styresmaktene finansierer den forskinga andre likeså godt kan ta seg av.

Hovedbilde:  Mykje tyder på at aversjonen mot risiko ligg både i finansieringsstrukturen og hos dei som evaluerer, seier Paula Stephan (Foto: Kjerstin Gjengedal)