Innovasjon

Eit forsvar for det reaksjonære

Framsyn, framtidsferdigheiter, framtenking: Politikk og akademia er full av metodar som skal hjelpe oss å tenkje betre om framtida. Men dette er feilslått som politisk verktøy, meiner vitskapsfilosofen Lee Vinsel. Han tek til orde for at vi heller prøver å bli «flinkare reaksjonære».

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

– Eg finn desse stadige forsøka på å bruke framtidsførestillingar som politisk verktøy, forbløffande, for eg kan ikkje sjå noko teikn på at framsyn er noko vi er gode til, seier Lee Vinsel.

Vinsel er førsteamanuensis i teknologistudiar ved Virginia Tech i USA, der han arbeider spesielt med forholdet mellom teknologi, bedrifter og styresmakter. I 2015 starta han, saman med kollegaen Andy Russell, det internasjonale forskarnettverket The Maintainers. Nettverket samlar forskarar som er opptekne av vedlikehald, reparasjon og dei mange formene for arbeid og ekspertise som held all vår menneskeskapte infrastruktur i funksjon.

Men heilt sidan han tok doktorgraden i teknologihistorie ved Carnegie Mellon-universitetet i Pennsylvania, har Vinsel vore interessert i kvifor vi igjen og igjen insisterer på å bruke framtidsførestillingar og scenario som verktøy for politikkutvikling, når vi bevisleg er så utruleg dårlege til å førestille oss framtida.

Blir fanga av hype

Nyleg oppsummerte han nokre av tankane om dette, i eit essay på bloggen sin med tittelen «How to Be a Better Reactionary» – og då meiner han ikkje «reaksjonær» i tydinga «bakstreversk», men i tydinga «ein som responderer på problem når dei oppstår».

– Det problematiske med framtidstenking som politisk verktøy for å regulere teknologi, er ikkje berre at vi blir bedne om å gjette kva framtida vil bringe, noko vi ikkje greier. Men framtidstenking har i tillegg ein tendens til å bli fanga av teknologihype. Sjølv når målet er å tenkje kritisk om nye teknologiar, så gjer vi det på måtar som viser at vi fell for akkurat den same hypen som alle andre, seier han.

I teksten sin viser han til ei rad døme på at når utsegner om framtidig teknologiutvikling blir målt opp mot den faktiske utviklinga, så er dei stort sett heilt på bærtur. Og ekspertise innanfor eit felt fører ikkje til betre prediksjonar: Dei kan like gjerne bli dårlegare, fordi ekspertar lett kjem i skade for å overvurdere si eiga evne til å sjå kva framtida vil bringe.

Same kor mykje vi prøver å sjå inn i framtida, så vil ho alltid kome overraskande på oss, fordi vi når det kjem til stykket, ikkje er i stand til å tenkje heilt nye tankar, berre ommøblere dei tankane og ideane vi allereie har, meiner han.

– Men framsyn treng ikkje handle om å forutsjå framtida. Det kan nyttast som eit verktøy for å utforske og utfordre dei framtidsførestillingane vi allereie har, og opne opp for andre moglege framtider?

– Sjølvsagt, men det å utfordre vante tankemønster kan vi gjere på mange andre måtar, seier Vinsel.

– Det som skjer når ein skal nytte framtidstenking som praktisk verktøy, er jo at ein må velje noko ein tenkjer er plausible framtidsscenario som ein kan bruke til å utfordre folks førestillingar med. Og då veljer du ut førestillingar som du meiner er moglege måtar ting kan utvikle seg på, sjølv om du ikkje har noko som helst grunnlag for å bedømme plausibiliteten i scenarioet ditt. Det finst psykologiske studiar som viser at når folk brukar narrative scenario som tankereiskap, spesielt dersom scenaria er rike og detaljerte, då endar dei opp med å bli meir overtydde om at framtida kjem til å bli slik som scenariet skisserer.

Ønskeproblem

Måten akademia fordeler pengar og prestisje på, gjer det utsett for opphaussing av nye
teknologiar, meiner han.

– Eg veit ikkje om det finst noka oversikt over kva som har vore mest populære tema for framtids- og designtenkingsverkstader det siste tiåret, men eg mistenkjer at du vil finne, i tur og orden, alle dei teknologiane som det har vore generell merksemd rundt i samfunnet: nanoteknologi, sjølvgåande køyretøy, blokkjeder, krypto, og no sjølvsagt kunstig intelligens. Du ser aldri nokon drive framtidstenking om septiktankar eller kloakksystem, sjølv om det ville ha vore verkeleg spennande.

Nettopp kontrasten mellom septiktankar og kunstig intelligens illustrerer hovudpoenget hans: I Vinsels heimland USA er nokre parasittsjukdomar på veg tilbake fordi mange menneske manglar skikkeleg kloakkhandtering, og denne materielle mangelen
heng sjølvsagt i hop med sosial og økonomisk ulikskap.

– Problemet med kloakkhandtering er ikkje vanskeleg å løyse, det er berre det at fattigfolk i USA ikkje har råd til å bygge gode kloakksystem. Vinsel tyr til omgrepet «ønskeproblem» (wishful worries) for å peike på korleis vi heile tida neglisjerer slike kvardagslege problem med teknologisk enkle løysingar, til fordel for spennande, høgteknologisk, framtidig risiko. «Ønskeproblem» er «problem det ville vere fint å ha», i kontrast til ekte problem som skapar liding her og no.

Et hus som kjører gjennom et landlig landskap i år 2000. Fremtidsvisjon av Jean-Marc Côté, tidlig 1900-tall.

Ser ikkje det materielle

– Når vi legg mykje tid og innsats i å tenkje omkring framtidig risiko som kan oppstå frå nye teknologiar, så skapar vi eit inntrykk av at vi er etisk ansvarsmedvitne. Men eg trur at det ofte ikkje har annan funksjon enn posering, seier han.

Han peikar på at når vi går tilbake og ser på korleis ein har åtvara om risiko frå nye teknologiar gjennom tida, så har ein sjeldan truffe blink.

– Vi likar å projisere ny teknologi inn i framtida og spekulere rundt kva konsekvensar dei kan få sosialt, økonomisk, kjønnsmessig og så bortetter, men vi er ikkje flinke til det. Og litt av grunnen trur eg er at måten vi snakkar om slik framtidig risiko på, er veldig fråkopla den materielle realiteten i teknologiane.

Han viser til at mange som snakkar om korleis teknologi vil påverke samfunnet, ikkje veit noko om korleis teknologien faktisk fungerer. Samtidig har all teknologi eit materielt fundament, som altfor sjeldan blir tema i diskusjonen om dei, meiner han.

– Du ser det akkurat no, med generativ kunstig intelligens. Dersom det får ein så stor verknad som mange påstår, så vil det skje ved at det blir teke i praktisk bruk i bedrifter og organisasjonar, og endrar måten dei opererer på. Kor stor del av oppgåvene som blir utførte i ei bedrift kvar dag, krev bruk av bilet- og tekstgenerering? Ingen kan sjå framtida, inkludert meg, men eg har vanskeleg for å sjå at endringa vil vere så massiv som mange påstår.

Ja til planlegging

Når samfunnsforskarar vel å bruke tid og innsats på å spekulere omkring framtidig risiko ved nye teknologiar, så er det ikkje berre ekte problem som blir ignorert. Det same gjeld empirisk kunnskap om korleis verda fungerer, korleis teknologisk endring skjer, og kva rolle materielle, økonomiske og sosiale faktorar spelar.

– Det er eit spørsmål om korleis ein vil bruke tida si. Det er så mange der ute som arrangerer verkstader og samlar ulike interessentar for å snakke om kva vi trur kjem til å skje med nanoteknologi eller kva det måtte vere, og i ettertid er det vanskeleg å sjå kva som var verdien i det. Og i mellomtida er dei ikkje ute i felten og studerer ekte problem for å forstå kva som skjer og korleis ein kan løyse dei.

Som samfunnsforskar tenkjer han at mykje av denne dynamikken heng i hop med akademiske strukturar. Det finst sterke insentiv i akademia og hos dei som finansierer forsking, som løner luftige diskusjonar om ny teknologi og moglege framtidige konsekvensar av teknologien.

Likevel: I staden for framtidstenking, tek Vinsel til orde for god gammaldags planlegging.

– Planar slår sjølvsagt også ofte feil, på måtar vi ikkje har sett for oss. Planlegging er likevel ein kapasitet vi har som menneske, som er til stor hjelp for oss. Men det er noko anna enn å prøve å forutsjå kva som vil skje i framtida. Eg trur vi treng å snakke om kva for mål vi vil oppnå. Kva er det vi vil prøve å gjere? I alle fall i mitt land er det svært vanskeleg, vi er eit svært delt folk og er ikkje eigentleg i stand til å ha politiske samtalar om noko som helst. Men dersom vi får til å snakke om kva mål vi vil oppnå, så har vi mange verktøy for å oppnå dei.

For eit anna syn på bruken av framtida, se Forskningspolitikk sitt intervju med Riel Miller: «To Think About the Future in a Changing World» 

Toppbilde av Lee Vinsel:  Leslie King, Virginia Tech.