Høyere utdanning

Når studentane blir gründerar

Mange universitet og høgskular satsar no på studentinnovasjon og -entreprenørskap. Ved Høgskulen på Vestlandet vil dei lære studentane ansvarleg innovasjon.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Diskusjonane om korleis innovasjon passar inn mellom oppgåvene til høgare utdanningsinstitusjonar, og korleis universitet og høgskular eigentleg bidreg til nyskaping og omstilling i samfunnet, har vore mange og lange. Men det viktigaste bidraget skjer truleg gjennom kandidatane som blir utdanna.

Dei seinare åra har mange institusjonar byrja satse eksplisitt på studentinnovasjon og -entreprenørskap. Satsingane blir gjerne grunngjeve med at studentar som får bryne seg på innovasjon og gründerverksemd, lærer ferdigheiter som går utover det reint faglege, men som vil vere til stor nytte i arbeidslivet.

NTNU og Nord universitet har saman fått ei nasjonal leiarrolle når det gjeld utdanning i entreprenørskap, gjennom Centre for Engaged Education through Entrepreneurship (Engage), som fekk status som Senter for framifrå utdanning i 2017. Men ei rekkje institusjonar har ulike typar utdanningsprogram, mentorprogram, konkurransar og støtteordningar for studentinnovasjon og -entreprenørskap. Ein av dei er Høgskulen på Vestlandet (HVL).

Gründersatsing for alle fag

– Studentinnovasjonssatsinga HVL Skape er framleis nokså ny, men har eit fokus på ansvarleg innovasjon som kanskje skil oss litt ut, for ikkje alle brukar det omgrepet. Ansvarleg innovasjon er sterkt til stades på høgskulen sin agenda, seier Svein Gunnar Sjøtun.

Svein Gunnar Sjøtun utenfor kontoret sitt
Svein Gunnar Sjøtun er studieprogramansvarleg for ei masterutdanning i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping. Foto privat

Han er førsteamanuensis ved Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved HVL og er studieprogramansvarleg for ei masterutdanning i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping, som Mohnsenteret tilbyr. Der kan studentar med bachelor i ingeniør- eller realfag få utdanning i innovasjon og entreprenørskap.

HVL Skape, derimot, er eit rettleiingsprogram for studentinnovasjon utanfor klasserommet, som sprang ut frå Mohnsenteret, men som no er eit tilbod til alle HVL-studentar uavhengig av fag.

– Vi seier at det er både ein brei og ein smal inngang til HVL Skape, seier Øystein Stavø Høvig, seniorrådgjevar ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap.

Det smale inneber å rettleie HVL-studentar i korleis dei kan vere entreprenørar og studentar samstundes, inkludert å skrive søknader om finansiering. Det breie inneber å skape ein innovasjonskultur mellom alle studentane, og utstyre dei med innovasjonsferdigheiter som dei kan ta med seg ut i det etablerte arbeidslivet.

HVL tilbyr dessutan ein samfunnsfagleg master i innovasjon og leiing, og for få år sidan kom doktorgradsprogrammet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling, som begge ligg hos Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap..

Utviklar rettleiingsverktøy

Responsible research and innovation har vore ei inspirasjonskjelde for forskinga vår og for doktorgradsprogrammet, og vi arbeider stadig med korleis vi kan bruke desse ideane i studentinnovasjon, seier Sjøtun.

Frida Olsen Engedahl har tidlegare vore innovasjonsrådgjevar i HVL Skape, og er no ph.d.-stipendiat med eit prosjekt der ho ser nettopp på korleis programmet fungerer og korleis institusjonen best kan organisere seg for å støtte ansvarleg ekstrakurrikulær entreprenørskap.

– Vi ser at mykje av dette er nytt for studentane, dei manglar omgrep og verktøy for å tenkje på ansvarlegheit gjennom heile prosessen og ikkje berre grønvaske produktet i sluttfasen, seier ho.

Mange kjem til HVL Skape med ein ide om å etablere teknologiske oppstartsbedrifter, fortel ho.

– Men no ser vi dessutan ei bølgje av idear som spring ut frå ønsket om å ta ansvar og drive grøn og sosial innovasjon. Samstundes manglar innovasjonsrådgjevarane konkrete rettleiingsverktøy for å inkorporere ansvarlegheit i rettleiinga av studentane. Eitt av måla med Engedahls ph.d.-prosjekt er å lage slike verktøy.

– Vi prøver å få studentane til å tenkje gjennom ansvarlegheit slik det er definert i RRI-litteraturen, men vi opplever at dei kan bli overvelda og få lyst til å gje opp. Eit typisk døme er at vi spør studentane kva berekraftsmål ideen skal vere med på å løyse. Kanskje svarar dei at vi bidreg til å løyse klima-målet, for vi skal ikkje printe ut noko på papir, og dermed sparer vi skog, som er klimavenleg. Då spør vi: Men veit de kor store utslepp eit datasenter står for? Så googlar dei det og får hakeslepp. Og då blir spørsmålet korleis ein går vidare derifrå, illustrerer ho.

Tett på næringslivet

HVL er resultat av ein fusjon mellom fleire høgskular som heile tida har hatt til oppgåve å forsyne regionen med viktig arbeidskraft både til offentleg og privat sektor. No er høgskulen i ein prosess med å bli universitet, med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil. Det set også avtrykk i arbeidet med studentinnovasjon.

– På masteren i ansvarleg innovasjon vil eg seie det er tette band mellom utdanninga og nærings- og arbeidslivet, seier Høvig, som tidlegare har vore programansvarleg for masteren.

– Masteren har ein tydeleg anvend profil med praksiskurs der studentane anten hospiterer i oppstartsbedrifter eller jobbar i team for å løyse konkrete utfordringar som er spelt inn frå næringslivet i regionen. Vi gjev studentane ein teoretisk ballast og kunnskap om innovasjon som fenomen, men vil også at dei skal kunne praktisere det.

Det tyder ikkje at målet er at alle studentar som er innom masterutdanninga eller HVL Skape, skal starte eigne bedrifter.

– Mange har eit ønske om å jobbe i industri og næringsliv. Men vi trur likevel det er viktig å gje dei innovasjonskompetanse, kanskje ikkje for å utvikle nye produkt, men fordi dei då kan bidra til innovasjon, omstilling og endring i bedriftene dei jobbar i. Det handlar om å gje studentane kompetanse og tru på at dei kan vere endringsagentar i det etablerte arbeidslivet som størstedelen av våre kandidatar går til, seier Høvig.

Ønskjer betre støtteordningar

Gjennom HVL Skape får studentar hjelp med å skrive søknader til STUD-ENT, som er Innovasjon Noreg sitt stipendprogram for studentinnovasjon. Programmet låg tidlegare under Forskingsrådet, men vart flytt til Innovasjon Noreg i fjor.

– Vi har hatt nokså godt gjennomslag i den ordninga, nokre år har det nesten berre vore NTNU som har gjort det betre, seier Sjøtun. Samstundes kunne STUD-ENT vore betre innretta, meiner dei.

– Vår oppfatting er at omsynet til marknadspotensial og dei kommersielle sidene ved innovasjonsprosjekta, er blitt viktigare etter at ordninga vart flytta til Innovasjon Noreg. Det meiner vi er problematisk, for vi er opptekne av at ordninga skal ivareta det som var intensjonen, nemleg å byggje institusjonell kapasitet for å drive studentinnovasjonsarbeid ved universiteta og høgskulane, seier Høvig.

I tillegg gjeld ordninga berre studentar på master- og ph.d.-nivå.

– Vi ønskjer oss ei tilsvarande ordning for bachelorstudentar, som HVL utdannar mange av. Ikkje alle er interesserte i å gå heile vegen til master, seier Engedahl. Ho viser til at i HVL si eiga interne støtteordning, Program for ideutvikling, stiller bachelor- og masterstudentar likt.

Ansvarlegheit eller berekraft

Korleis resonnerer ideane om ansvarleg innovasjon med næringslivet i regionen? Industristrukturen på Vestlandet handlar mykje om sjøfart, oppdrett, og olje og gass, bransjar som har sine eigne utfordringar og dilemma knytt til ansvarlegheit og berekraft.

– Eg vil seie at sjølv om omgrepa ansvarlegheit og berekraft rommar mykje av det same, så er det også ein skilnad, seier Sjøtun.

– Ansvarlegheit handlar ikkje berre om utfallet er berekraftig eller ikkje, men om kva vurderingar som blir gjort undervegs. Det handlar om å inkludere fleire aktørar i prosessen og reflektere rundt vala som blir gjort. Det er ikkje nødvendigvis samanfall mellom eit berekraftig utfall og ansvarlegheit i prosessen. Om vi greier å lære bort ansvarleg innovasjon er framleis eit litt ope spørsmål, men vi prøver.

Topp foto: HVL Elise Adeleine Løvereide 

Retting  18. oktober 2023: Doktorgradsprogrammet Ansvarleg innovasjon og regional utvikling ligg hos Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap, ikkje hos Mohnsenteret.