Når verda er i endring, må systema som skal løyse samfunnet sine behov, også endrast. Det gjeld også forskingssystemet. Dei neste 25 åra må Norge ta i bruk omstillingskrafta i forskingsinstitutta. Systemmeldinga kjem derfor til riktig tid.
Av Agnes Landstad, dagleg leiar, Forskningsinstituttenes fellesarena
Forskningsinstituttenes fellesarena (FFA) meiner eit godt forskingssystem mot 2050 må ha følgjande kjenneteikn:
- Styrkar samfunnet si evne til å møte samfunnsutfordringar og raske endringar
- Brukar den unike kompetansen og omstillingskrafta i instituttsektorens for alt den er verd
- Sørger for at ny kunnskap blir tatt raskt i bruk
- Stimulerer til internasjonalt samarbeid
- Legg til rette for tverrsektorielt samarbeid om dei største samfunnsutfordringane
- bidreg til nødvendig digitalt skifte
Behov for omstilling
Verda er i endring, og behova for omstilling er ikkje lenger framfor oss – vi står midt i dei.
Demografiutfordingane er her no. Klima- og miljøomstillinga må skje no dersom det skal vere mogeleg å nå utsleppsmåla i 2030 og 2050. Forsvars- og samfunnstryggleik er påtrengande behov. Korleis vi handterer dette dei næraste åra, avgjer kva for samfunn vi skal leve i og overlate til etterkomarane våre.
Både dei langsiktige og akutte samfunnsutfordringane må møtast med krafttak for forsking og innovasjon – og det må gjerast på tvers av sektorane. Nye løysingar må utviklast, verte akseptert i befolkninga og bli tatt i bruk.
For å ha tilstrekkeleg fart i omstillinga, treng vi eit effektivt og veltilpassa forskingssystem som er innretta på å svare på behov mot 2030 og 2050. Kvar av dei forskingsutførande sektorane må bidra med sine styrkar. Forskingsinstitutta er viktige pådrivarar for endring og må ha ei sentral rolle i å levere relevant forsking av høg kvalitet.
Forskingsinstitutta har ei etterspørselsdriven arbeidsform, er tett på brukarane og tett på både akutte og langsiktige kunnskapsbehov. Det er ein nøkkel til å utvikle nye, praktiske løysingar som vert aksepterte og tatt i bruk, ikkje minst når det hastar og må skje raskt.
Ein annan nøkkel er samarbeidsnettverka institutta har utvikla for å arbeide saman med brukarane av forsking i næringsliv og i offentleg sektor om å finne dei gode løysingane. Meir enn nokon gong må forskingsinstitutta takast i bruk for alt dei er verd. Institutta sin kompetanse og kapasitet kan og bør brukast meir, og systemmeldinga må vise korleis.
Har forskingsinstitutta blitt collateral damage?
I FFA har vi sett på tal frå SSB og Forskningsrådet som viser utviklinga i forskingssystemet:
Dei siste femti åra har alle dei forskingsutførande sektorane vakse, men styrkeforholdet mellom dei har endra seg mykje (figur 1).
Fram til 1985 var instituttsektoren størst, deretter har universitetssektoren vore størst målt i FoU-inntekter. Det har vore eit mål desse åra å auke utdanningsnivået i befolkninga. Men det har neppe vore eit mål å svekke rammevilkåra for den anvendte og etterspørselsdrivne forskinga som vert utført i forskingsinstitutta.
Har Ola Borten Moe rett i at forskingsinstitutta har blitt collateral damage i utviklinga i sektoren dei siste åra? Og kva konsekvensar har det for omstillingsevna i privat og offentleg sektor?
I perioden 2009–2019 har universitet og høgskular hatt ein FoU-vekst på 45 prosent, næringslivet 44 prosent og instituttsektoren 9 prosent[1]. Det kan sjå ut som om utviklinga i instituttsektoren er ein utilsikta spill-over-effekt av budsjettvekst og utviklingstrekk i UH-sektoren. Denne endringa har konsekvensar for kva forsking vi får.
Frå 2009 har også universitets- og høgskulesektorens del av tildelingar frå Forskningsrådet auka, medan instituttsektoren og næringslivet har fått ein mindre del av midlane.
Analysane våre viser at auken i UH-sektoren kan forklarast med stor vekst i talet på forskarar i UH-sektoren (vesentleg større enn 13 prosent vekst i studenttal) og at Forskningsrådet har endra vektforholdet mellom søknadstypar. Særleg har FRIPRO, som er mest nytta av UH-forskarar, hatt sterk vekst.
Samtidig har for eksempel IPN (Innovasjonsprosjekt i næringslivet), som er retta mot bedrifter og forskingsinstitutt, hatt ein relativ nedgang. I tillegg har ein lagt auka vekt på ph.d. i andre verkemiddel som til dømes Senter for forskningsdrevet innovasjon (SFI) og Forskningssenter for miljøvennlig energi (FME) – ei endring som favoriserer universitet framfor institutt.
Det er ikkje likegyldig kvar forskingsmidlane blir brukt. Institutta er kjenneteikna av å arbeide med forsking som er etterspurd for å løyse utfordringar, ofte i nært samarbeid med dei som skal ta forskinga i bruk. Den generiske kunnskapen forskingsinstitutta opparbeider seg, blir tatt med inn i andre forskingsarbeid og vidareutvikla, ofte i samarbeid med andre bedrifter eller offentlege verksemder. Slik kjem forskinga som fellesskapet investerer i, til nytte for mange.
Utfordringane mot 2050 tilseier at denne kunnskapsdelinga og kunnskapsberedskapen må forsterkast vesentleg dei komande åra. Då må ein også snu den – etter alt å dømme utilsikta –utviklinga vi har sett dei siste 15 åra.
Forskingsinstitutta og samarbeid med brukarar er nøkkel til omstilling
Norske styresmakter har etablert ein godt fungerande instituttsektor. Regjeringa tydeleggjer intensjonen i «Strategi for en helhetlig instituttpolitikk», der det heiter at «Instituttsektoren er i en unik posisjon til å bidra til bærekraftig utvikling og omstilling i samfunnet.» (…) «Derfor trenger Norge en sterk instituttsektor, og regjeringen har høye ambisjoner for sektoren».
Forskingsinstitutta er bygde på konkurranseutsett forsking. Det vil seie at dei med ei grunnløyving frå Forskningsrådet på i gjennomsnitt 13 prosent (inkl. Retur-EU), er heilt avhengig av relevante utlysingar i Forskningsrådet og EU, og av oppdragsverksemd.
Instituttsektoren si slagkraft er difor både eit politisk val, men også ei følgje av dei krav og føringar som Forskningsrådet stiller i sine utlysingar av forskingsmidlar. Når Forskningsrådet endrar kriteria for å søke og utlysingsbeløp, verkar det dermed rett inn på forskingsinstitutta.
Skal kapasiteten i institutta aukast, bør Forskningsrådet sine utlysingar og andre offentlege investeringar i forsking stimulere til samarbeid mellom brukarar av forsking og forskingsmiljø – både nasjonalt og internasjonalt. Investeringane bør i større grad også utløyse anna investering i forsking, slik at samla forskingsinnsats aukar.
Då er også regjeringa sin ambisjon om å styrke norsk deltaking i EUs forskings- og innovasjonsprogram viktig. Forskingsinstitutta står for 30 prosent av deltakinga og er bedriftene sin viktigaste samarbeidspartnar i EU-prosjekt. Begge må og kan auke deltakinga. Det forutset ei tilstrekkeleg og føreseieleg ramme for Retur-EU, slik at norske miljø kan ta imot forskingsmidlar frå EU når ein vinn fram i konkurransen om de beste prosjekta. Regjeringa si gledelege fjerning av budsjettramma for Retur-EU i RNB gjer at institutta kan fortsette å auke samarbeidet.
[1] SSB tabell 11010 og tabell 13517