Når utviklinga går i autokratisk retning, spelar det ei stor rolle om folk gjev etter på førehand eller ikkje, meiner Stephan Lewandowski.
Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk
– Det kan høyrest ironisk ut, for når autoritære krefter spreier seg, er jo folket offer for det. Og lever du først i Nazi-Tyskland eller under eit brutalt militærdiktatur, spelar det liten rolle kva du gjer eller ikkje gjer, alt kan føre til undertrykking og vald. Men i det store biletet gjer føregripande lydigheit ein forskjell, seier han.
Dette er ein av hovudbodskapane i The Anti-Autocracy Handbook, ein konsis guide til forskarar som opplever demokratisk utholing. Lewandowsky, som opphavleg er psykolog og no forskar på informasjonsteknologi, desinformasjon og kognisjon ved Universitetet i Bristol, har koordinert arbeidet med handboka saman med eit internasjonalt lag på nær 20 medforfattarar og andre som har kome med råd og innspel.
Skremt over lydigheiten
Lewandowsky tykkjer at noko av det mest slåande etter at Trump vart innsett som president for andre gong, har vore å sjå korleis amerikanske institusjonar, inkludert universitet, advokatfirma og mediebedrifter, ikkje eingong venta på regimet sine krav, men gav etter ved første hint av press.
– Det er veldig skremmande. Universiteta gav frå seg styringa over eigne utdanningstilbod til dei føderale styresmaktene med ein gong. Dei sa ikkje: «Nei takk, de blir nøydde til å tvinge oss». Innhaldet i nokre av avtalane mellom universiteta og Trump-administrasjonen er berre ikkje til å tru. Eg er ikkje sjokkert over noko av det Trump gjer, det var venta. Men at institusjonane overgjev seg på førehand, det sjokkerer meg, seier han.
Fleire prestisjetunge amerikanske universitet har signert avtalar med Trump-administrasjonen for å få tilbake finansiering som er blitt stogga, ofte etter skuldingar om at universiteta ikkje har gjort nok for å motverke antisemittisme i universitetsmiljøet. Avtalane har ført til kritikk om at universiteta gjev opp akademisk fridom og autonomi for å tekkast styresmaktene.
Vegvisar til motstand
Men sjølv om universitetsleiinga skulle kapitulere for press frå styresmaktene, kan tilsette likevel finne rom til å gjere motstand mot autoritære krefter. Handboka er meint som ein vegvisar til slik motstand. Og sjølv om utviklinga i USA var utgangspunktet for arbeidet, presiserer Lewandowsky at forskarar i alle land kan ha nytte av henne, også dei som held til i – enn så lenge – velfungerande demokrati som Noreg.
– Ingen er immune mot demokratisk undergraving. Heller ikkje Noreg har ei heilt uskuldig historie, de hadde ein som heitte Quisling, som synte seg å ha gode evner til å kollaborere med nazistar. Det skjedde, og kan skje igjen.
– Må tenkje på risiko
Ikkje alle motstandshandlingar er tilgjengelege for alle. Fordelen akademikarar i Noreg har, samanlikna med kollegaer i mange andre land, er at det medfører relativt liten personleg risiko å ta til motmæle mot autoritære krefter. Handboka legg vekt på at motstand alltid bør starte med ei risikovurdering.
– Kvar einskild akademikar må tenkje på sin eigen risikoprofil. Er du kvinne, utlending og mellombels tilsett er du i ein heilt annan situasjon enn ein person som meg, ein kvit, mannleg, etablert forskar som er statsborgar og ikkje kan deporterast. Eg kan ta større risiko, seier Lewandowsky.
Han dreg dessutan fram ein annan viktig, men ofte undervurdert, føresetnad for å gjere motstand, nemleg samhald.
– Ta kontakt med andre og skaff deg eit støttenettverk. Kjensla av å vere åleine er ein stor del av utfordringa, og det er nettopp ei slik kjensle autoritære regime prøver å skape. Er ein klar over det, kan ein finne måtar å motverke det på, seier han.
Ei plikt til å ta stilling
Forfattarane oppmodar akademikarar i demokratiske samfunn til å drive med det dei kallar «public truth-telling». Det handlar om å engasjere seg i offentleg debatt og i politiske prosessar med mål om å utfordre utsegner frå aktørar som leflar med autoritært tankegods: Peike på urett, forsvare grupper og verdiar som blir prøvd marginalisert og på den måten skape rom for at andre kan uttrykke støtte til dei same verdiane.
– Men det inneber å ta stilling på ein måte som kan oppfattast som politisk. Korleis stiller akademikarar seg til det?
– Mange vil gjerne unngå å vere politiske, men det er viktig å minne om at på dette tidspunktet er det å gjere ingenting, også politisk. Hadde vi levd i ei tid der det var stor oppslutnad om demokratiske normer og ein kunne lite på at desse normene ville bli vidareført uavhengig av kven som vinn val, då kunne ein kanskje ta seg råd til å gjere ingenting. Men no meiner eg vi er komne til eit punkt der vi har ei moralsk plikt til å forsvare demokratiet, seier Lewandowsky.
Språkleg presisjon
– De legg stor vekt på kor viktig det er å bruke eit presist språk til å utfordre autokratar. Kvifor det?
– Fordi motparten brukar språk til å normalisere det som skjer, seier Lewandowsky.
Han viser til drapet på Charlie Kirk, som fylte alle medieflater i dagane før intervjuet med Forskningspolitikk.
– Han vart skildra som ein konservativ, eller til og med som ein fridomshelt. Det er absurd, fordi han ikkje var nokon av delane, men det er også veldig smart av dei som prøver å framstille ham slik. Kirk var misogynist og rasist og heilt open om det, og han kan ikkje kallast konservativ med mindre dei ekte konservative er villige til å omfamne meiningane hans. Difor er bruken av språket så viktig.
Arbeidet med handboka byggjer på omfattande forskingslitteratur om demokratisk utholing og autokrati, men også på personlege erfaringar. Fleire av dei involverte forskarane har sjølve vakse opp og arbeidd i undertrykkande statar som Sovjetunionen, Aust-Tyskland, Indonesia og Ungarn. Ifølgje handboka er det viktig å kjenne til framgangsmåten slike statar nyttar: Bruk populisme til å ramme inn alle samfunnsforhold som ei konflikt mellom «folket» og «elitane»; skap splitting og ei kjensle av isolasjon; og så tvil om kva som er sant, slik at ein ikkje kan haldast til ansvar for noko. Å undergrave fri forsking og vitskapleg konsensus er eit viktig element i denne oppskrifta.
Ekko av fortida
– Er akademikarar flest kjende med den autoritære dreieboka? Veit vi kva vi skal vere på vakt mot?
– Når det gjeld USA trur eg mange ikkje visste kva det var som trefte dei. Det var så heilt utenkeleg, fram til Trump vart innsett, seier Lewandowsky.
Få amerikanske forskarar er i dag gamle nok til å hugse kva som skjedde ved eit tidlegare tilfelle av demokratisk erosjon i USA, nemleg den såkalla McCarthy-perioden. Den amerikanske senatoren Joseph McCarthy var den mest kjende representanten for ei rørsle som arbeidde for å avsløre kommunistsympatisørar i offentleg sektor, akademia og kulturindustrien etter andre verdskrigen.
Ein av medforfattarane av handboka, desinformasjonsforskaren Renée DiResta, har undersøkt korleis kommunistjakta i denne perioden utspelte seg. Ho fann at det sjeldan var nødvendig med nokon konkret skulding eller formell rettsprosess. Det var nok å rette søkelyset mot nokon for at dei skulle miste sitt gode namn og rykte, og med det jobb og kollegial støtte.
– Likevel var McCarthy ein amatør samanlikna med det som no skjer i USA, meiner Lewandowsky.
– Han var trass i alt ikkje president. Han kunne få folk oppsagt, som er ille nok, men han hadde ikkje makt til å deportere tusentals menneske om dagen utan lov og dom.
– Fortel di eiga historie
Dess lenger eit land går i autoritær retning, dess større risiko medfører det å snakke offentleg om kva ein står for. Men sjølv i eit fullblods autokrati finst det måtar å gjere motstand på.
– Å motarbeide isolasjon kan alle gjere. Og ein kan fortelje si eiga historie, gjerne anonymt. På eitt eller anna tidspunkt vil perioden med autokrati vere over, og det vil kome eit etterpå. Då vil det vere verdifullt å ha tilgang til historier, så folk kan få vite kva som skjedde, seier Lewandowsky.
Foto: Privat
