Dei akademiske skuggebiblioteka representerer eit problem for både tidsskriftforlaga og universitetsbiblioteka. Men dei er truleg komne for å bli, meiner medievitar Zakayo Kjellström.
Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk
– Eg har møtt mange som ikkje har aning om at dei finst. Men er ein først blitt merksam på dei og har sett kva dei kan tilby, så blir ein ikkje mindre tilbøyeleg til å bruke dei, seier Zakayo Kjellström.
Kjellström er ph.d.-kandidat i medie- og kommunikasjonsvitskap ved Umeå universitet. I doktorgraden sin, som han skal disputere for i mai, har han studert dei akademiske skuggebiblioteka. Det er nettbaserte arkiv som tilbyr piratversjonar av akademisk litteratur som elles ligg bak betalingsmur hos forlaga. Dei nyttar same fildelingsteknologi som vi hugsar frå musikk- og filmpiratanes gullalder, før strøymetenestene kom.
Utbreidd, men ukjend
Sjølv var han ein av dei som ikkje var klar over at det finst eit heilt økosystem av ulovlege akademiske bibliotek, før han høyrde eit foredrag om dei då han studerte bibliotekvitskap.
– Eg tykte det var interessant at fenomenet var så utbreidd og samstundes så ukjend for meg. Dei hadde eksistert lenge i opposisjon mot tradisjonell publiseringsindustri, og hadde halde på mykje av den tidlege internettoptimismen, om at informasjon skal vere fri og delast mellom likemenn, seier han.
Dermed vart det både masteroppgåve og seinare doktorgrad om skuggebiblioteka.
For omkring ti år sidan fekk skuggebiblioteka eit kort opphald i mediesøkelyset då eitt av dei, Sci-Hub, vart saksøkt i USA av forlagshuset Elsevier for brot på opphavsretten. Elsevier vann søksmålet, men har ikkje lukkast i å stenge tenesta heilt, sidan serverane er geografisk spreidde, og opphavskvinna, kasakhstanske Alexandra Elbakyan, ikkje er i USA.
Dei seinare åra har ikkje Sci-Hub eller andre skuggebibliotek figurert i medieoverskriftene i særleg grad. Men det tyder ikkje at dei er blitt irrelevante, meiner Kjellström.
– Eg trur heller det kjem av at skuggebiblioteka er blitt ein naturleg del av økosystemet, så nyhendeverdien har tapt seg, seier han.
– Vi har ikkje data for bruken av Sci-Hub etter 2017, men fram til då såg vi ein eksponentiell auke, og det er vanskeleg å tenkje seg at det skulle ha minka sidan. Samstundes har vi også sett andre skuggebibliotek vekse fram, framfor alt Anna’s Archive, som har gitt seg sjølv i oppdrag å samle alle skuggebiblioteksamlingar på nettet og gjere alt tilgjengeleg.
Også dei rike lastar ned
Det er skrive mange spaltemeter om dysfunksjonaliteten i det akademiske publiseringssystemet. Eit viktig argument for å sikre open tilgang til forsking, er at abonnementsprisane forlaga tek for tidsskrifta sine, er så høge at berre forskarar ved dei mest ressurssterke institusjonane har råd til å betale dei. Det same argumentet har vore brukt når det gjeld skuggebiblioteka: Forskarar utan store budsjett har ikkje anna val enn å ty til piratverksemd for å få tilgang til litteratur.
– Men vi ser at det ikkje spelar nokon rolle kva slags institusjonelle ressursar ein har i ryggen: Skuggebiblioteka er ein av fleire måtar folk nyttar for å få tak i litteratur, seier Kjellström.
Han nemner ein artikkel om Sci-Hub som vart publisert i 20161.
– Den fekk tittelen: «Who’s downloading pirated papers? Everyone». Seinare har mange studiar bekrefta at ein ikkje kan skilje ut nokon spesiell demografi, det er verkeleg alle.
«Moralsk imperativ»
Kjellström har mellom anna sett på kva som motiverer bruken av skuggebiblioteka. I etterkant av Elseviers søksmål mot Sci-Hub publiserte ei gruppe akademikarar eit manifest på nett2. Der heiter det mellom anna at alle akademikarar er forvaltarar av kunnskap, og at forvalting inneber å lese, skrive, dele, arkivere og tilgjengeleggjere. Å vere forvaltar «er å vere til nytte for, ikkje å gjere eigedom av, kunnskapsallmenningen vår».
– Manifestet uttrykkjer mykje av den ideologiske bakgrunnen for skuggebiblioteka, og eg trur ikkje den har endra seg mykje sidan det vart publisert. Ein ser same typen språk på bloggen til Anna’s Archive, til dømes, seier han.
Samstundes diskuterer brukarane av skuggebiblioteka etikken i det dei gjer. Kjellström har følgt slike diskusjonar på internettforum som Reddit.
– Vanlege argument er at forskinga er offentleg finansiert, så ein ser ikkje på det å laste ned artiklar som å stele, for vi har allereie betalt for dei med skattepengar, seier han.
Han fortel at ein del ser det nesten som eit moralsk imperativ å laste ned forsking frå skuggebiblioteka, for ikkje å bidra til å auke profitten til dei store forlaga.
– Så finst det nokre andre avvegingar: Nokre skuggebibliotek inneheld også skjønnlitteratur, som har eit anna publiseringssystem enn forskingsartiklar, fortel han.
Skjønnlitterære forfattarar er avhengige av inntekter frå sal på ein heilt annan måte enn forskarar, som får betalt for å skrive artiklar som ein del av stillinga si. Då diskuterer brukarane kva nedlastinga kan få å seie for forfattarane.
– Tykkjer dei at det er ok at folk lastar ned ulovleg? Kanskje blir dei berre glade for å bli lesne? Eit nedlasta verk kan også fungere som ein introduksjon til forfattaren, og likar ein det, kan ein seinare kjøpe boka i bokhandelen. Men andre meiner at nedlasting av skjønnlitteratur er å stele. Når det gjeld forsking er det nesten omvendt, då er haldninga at ein skal laste ned fordi det er det moralsk rette å gjere, seier han.
Bibliotekarar i knipe
Midt i dette sit universitetsbiblioteka. Dei er befolka av tilsette som er smerteleg klare over alt som er gale med det tradisjonelle akademiske publiseringssystemet. Men det sit langt inne å oppmode brukarane til å laste ned ulovleg i staden.
– Sjølv om ein kunne ønskje at ein kunne referere til skuggebiblioteka i yrket sitt, så inneber rolla som statleg tilsett at ein må følgje visse grunnreglar, seier Kjellström.
Han har ikkje undersøkt universitetsbibliotekas rolle spesielt i samband med doktorgraden, men intervjua ei handfull bibliotekarar til masteroppgåva for nokre år sidan.
– Då fekk eg indikasjonar på at det hender at bibliotekarar refererer til dei. Tek det eit halvår å skaffe artikkelen gjennom fjernlån, så er det vanskeleg å la vere å nemne at han kan skaffast på nett på ein augneblink. Skuggebiblioteka er jo ikkje eit uttrykk for motstand mot biblioteka, men mot publiseringssystemet. Eg trur dei sparar mange bibliotekarar for ein heil del arbeid. Men dei er vanskelege for biblioteka å forhalde seg til, seier han.
Den same ambivalensen kan ein sjå på sosiale medier, der folk kan legge ut lenkjer til ulike skuggebibliotek følgt av ein tekst av typen «dette er ei påminning om at å laste ned forskingartiklar herifrå, er ulovleg og tek inntekter frå tidsskriftforlaga. Sprei denne meldinga slik at flest mogleg får med seg bodskapen!»
God arkivløysing
Lenge vart det hevda at når arbeidet med open tilgang fekk fart på seg, ville skuggebiblioteka bli overflødige. Det har ikkje skjedd, peikar Kjellström på.
– Truleg blir mellom 40 og 50 prosent av ny forsking no publisert med open tilgang, og det er eit stort framsteg, men det har altså teke 20 år. Og ein har ikkje funne noka heilskapleg løysing: Det kostar framleis mykje pengar å publisere med open tilgang. Forlaga har på ingen måte tapt makt, det finst mykje forsking som viser at dei snarare har konsolidert makta si, seier han.
Men å bryte med forlaga er heller ikkje lett. Dei eig tidsskrift som over tid har blitt viktige for mange fagfelt, og det er ikkje berre å starte nye.
– Det er ingen indikasjonar på at ein er på veg mot eit system for open tilgang som er like velfungerande som skuggebiblioteka, og difor kjem dei nok alltid til å finnast.
Dessutan, understrekar han, representerer skuggebiblioteka med sin desentralisterte infrastruktur ein fantastisk måte å arkivere informasjon på nett.
– Dei kan ikkje stengast ned, for om ein stenger ein server, finst framleis dei andre.
Illustrasjon: tomap491