Innovasjon

Blindsona i næringspolitikken

Korleis kan vi gjennomføre den grøne omstillinga utan å auke energi- og ressursforbruket? Cambridge-forskar Jostein Hauge står bak eit forslag til ein ny, grøn næringspolitikk.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Etter finanskrisa i 2008 er det på nytt blitt stovereint med aktiv næringspolitikk. Styresmakter i den vestlege verda har innsett at marknaden ikkje alltid leverer dei beste løysingane på viktige samfunnsområde, og omsyn til konkurranseevne og til sikre verdikjeder gjer at statar investerer meir målretta i industri og innovasjon. Samstundes har næringspolitikk også blitt eit verkemiddel for å oppnå klima- og miljøpolitiske mål.

Men grøn næringspolitikk har ein stor blindflekk. Det meiner Jostein Hauge, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Cambridge i England, der han forskar i skjeringspunktet mellom politisk økonomi og utviklingsøkonomi, ispedd ein aukande dose geopolitikk.

– Tradisjonell grøn næringspolitikk byggjer for det meste på idear om grøn vekst, seier han.

– Men klimaforskarar har lenge sagt at konstant vekst er umogleg. Så i det siste har nedvekst fått meir merksemd på klimafeltet.

Jostein Hauge, Universitetet i Cambridge i England, orskar på politisk økonomi og utviklingsøkonom Privat foto

– Må også nedskalere

Slike tankar har førebels ikkje smitta over på næringspolitikken i særleg grad. Hauge har teke tak i dette ved å utvikle eit nytt rammeverk for grøn næringspolitikk, i lag med den økonomiske antropologen Jason Hickel. Arbeidet vart publisert i tidsskriftet New Political Economy sommaren 2025.[1]

– Nedvekst har vore tema i økologisk økonomi sidan 1970-talet. Men i diskusjonar om grøn næringspolitikk har det liksom vore eit premiss at det skal involvere vekst, seier han.

– Grøn næringspolitikk veks fram til å bli ei stor sak frå rundt 2010, men det har hovudsakleg handla om å bygge ut fornybar energi. Vi ville sjå på korleis ein kan utforme politikk som ikkje berre handlar om å skalere opp grøne industriar, men også skalere ned skadelege industriar og i det heile konsentrere næringspolitikken meir rundt kva folk flest ønskjer seg, seier han.

Tradisjonell grøn næringspolitikk maktar i liten grad å hanskast med den ukontrollerte veksten i energi- og ressursbruk, meiner dei to forfattarane. I artikkelen viser Hauge og Hickel til at stadig meir forskingslitteratur peikar mot at dersom rike land skal ha von om å oppfylle sine klima- og miljømål, trengst det direkte kutt i utslepp og miljøøydeleggingar ved å nedskalere dei mest øydeleggjande aktivitetane. 

Ideen om grøn vekst er at ein kan oppnå økonomisk vekst, og samtidig kutte utslepp og ressursbruk ved hjelp av effektivisering og ny teknologi. Men det har vist seg vanskeleg å få til i eit omfang som monnar.

Investeringar som verktøy

Hauge og Hickel sitt rammeverk for ein grøn næringspolitikk består av tre søyler, der den første handlar om planlagd nedskalering av aktivitetar som er sterkt miljøøydeleggjande og utan store positive samfunnseffektar, til dømes fast fashion og luksusprodukt som privatfly og industriell kjøtproduksjon. Meininga er ikkje berre å kutte utslepp og ressursbruk, men også å frigjere produktiv kapasitet til betre føremål.

Den andre søyla handlar om å organisere produksjonen rundt samfunnsnytte i staden for profittmaksimering.

– Generelt handlar dette mykje om kva retning investeringar går i, seier Hauge. Han meiner det kan vere mykje å lære av Kina på dette området.

– Dei har eit finanssystem som gjer at dei på ein augneblink kan styre investeringar mot grøn næringspolitikk, og det er nettopp det dei har gjort dei siste ti åra. No produserer Kina brorparten av verdas elbilar, solpanel, litiumbatteri og vindmøller, seier han.

– Og sjølv om dei har ein privat sektor, så har dei ikkje ein klasse av milliardærar som avgjer kvar pengane skal gå, i motsetnad til mange vestlege land.

Klima for solidaritet?

Den tredje og siste søyla har dei kalla «global økologisk rettferd». Det handlar om å anerkjenne at rike land i det globale nord sit med hovudansvaret for klima- og miljøkrisa gjennom sine akkumulerte utslepp og overforbruk av ressursar. Land i det globale sør treng framleis rom til å industrialisere – aller helst på grønast mogleg vis – medan rike land må nedskalere.

Men i året som har gått sidan arbeidet vart publisert, har verdssituasjonen endra seg og blitt endå meir prega av konflikt, konkurranse og «den sterkastes rett» enn før. Korleis er vilkåra for å mobilisere den internasjonale solidariteten som trengst for å oppnå dette målet, i dagens geopolitiske situasjon?

– Dette har eg tenkt mykje på, seier Hauge.

– Eg vil seie at vi framleis står fast på det vi skriv i artikkelen: Det er dei rike landa som må kutte, når du ser på kvar utsleppa historisk har skjedd. Men samtidig som vi seier at utviklingsland må få rom til å vekse, så meiner vi sjølvsagt også at det er viktig at dei utnyttar den omstillinga til grøne produkt som skjer over heile verda.

Han peikar på at dersom eit land til dømes ønskjer seg størst mogleg energisuverenitet, så er det mykje lettare å oppnå ved å byggje ut fornybar energi enn ved å gjere seg avhengig av importert olje.

– Så både frå eit suverenitetsperspektiv og frå eit konkurranseperspektiv er grøn industripolitikk framleis viktig, også for utviklingsland, seier han.

Utdanningas rolle

Kva skal rolla til forskings- og utdanningsinstitusjonane vere i eit slikt rammeverk? Medan vi i Noreg for eit par år sidan var opptekne av kva type kompetanse som trengst for å gjennomføre den grøne omstillinga, har debatten no vendt seg meir mot kva type utdanningar som er meir og mindre arbeidslivsrelevante, og ikkje minst korleis forsking og utdanning kan bidra til beredskap. 

– Arbeidslivsrelevans må sjølvsagt vere ein del av målet med utdanning, men næringslivet kan ikkje fullstendig få dominere kva vi utdannar folk til, meiner han.

– Utdanning er også ein menneskerett. Her må ein finne ein balanse. Når det gjeld grøn næringspolitikk er rolla til universiteta og utdanningspolitikken å vere med og skape ein økonomi som er demokratisk og som folk ønskjer seg.

I Noreg er oljeindustrien den openberre næringa som må skalerast ned dersom vi vil nå klima- og miljømåla våre. Det er ein diskusjon som har ulma i mange år og fått meir merksemd i det siste, men førebels utan merkbare resultat. Men planlagd nedskalering har vore diskutert internasjonalt, særleg i Europa.

– No er nok klima blitt litt nedprioritert på grunn av geopolitiske endringar. I Europa kan det sjå ut som det er blitt viktigare å vere konkurransedyktig koste kva det koste vil, å ruste opp, og å unngå sårbarheiter i produksjonskjedene, seier Hauge.

– Men samstundes, dersom til dømes Tyskland vil ha ein konkurransedyktig bilindustri, må dei produsere betre elbilar. Så ingen debattar om næringspolitikk og konkurransedyktigheit kan heilt unngå slike spørsmål.

Tenke i nye banar

Heller ikkje USA, som no seier farvel til alt som heiter klimapolitikk og grøn næringspolitikk, kan unngå å hamne bakpå om dei ikkje heng med i den grøne omstillinga, trur han.

– I Kina går utbygginga av fornybar energi framleis for full maskin. Dei er så dominerande at det ser ut som at all grøn næringspolitikk i verda på ein eller annan måte må involvere Kina.

I artikkelen presenterer Hauge og Hickel ei rekkje politiske instrument for ein ny grøn næringspolitikk, men målet er ikkje å kome med ei oppskrift.

– Det eg er litt stolt over, er at vi har greidd å introdusere ein del radikale progressive idear for eit publikum som ikkje nødvendigvis har vore utsette for dei tidlegare. Som akademikar er ikkje mi oppgåve å levere politiske løysingar til organisasjonar eller styresmakter, men eg kan gje dei høve til å ta nokre litt utradisjonelle idear og bruke dei til å tenkje i litt andre banar, seier han.

Mer om bærekraft i denne utgaven

Hovedartikkel: Når bærekraft går i stå – hvordan skaper vi ny framdrift?

Bærekraftkomiteen: Kva er eigentleg den beste beredskapen?

Sidetekst: Bærekraftkomiteens medlemmer om samarbeidet

Sidetekst: Hva skjer med bærekraftsmålene? Refleksjon og fakta

Blindsona i næringspolitikken

Sandra Harding (1935–2025): Mellom det som er og det som ennå ikke er

Why some public agencies stay ready for crisis — and others don’t


[1] https://bit.ly/4tSPMnc

Topp foto: Kinesarane har investert mykje i rein energi. Foto: Ke Zhuang