Høyere utdanning

Kva er eigentleg den beste beredskapen? 

Medan stormakter spissar olbogane og verda går i beredskap, held klima- og naturkrisa fram i høgt tempo. I fleire land vert ressursane knappare, skilnadene større og konfliktnivået høgare. Desse utfordringane heng tett saman og kan ikkje møtast med kortsiktige beredskapstiltak åleine.

Av berekraftkomiteen for høgare utdanning: Solve Sæbø, leder av komiteen og rektor ved NMBU, Carl Christian Thodesen, prorektor for samfunnsforbedringer og samarbeid ved OsloMet, Sigrunn Eliassen, prorektor for utdanning ved UiB, Bjørn Jamtveit, prorektor ved UiO, Monica Rolfsen, prorektor for samfunnsansvar og formidling ved NTNU, Bente Haug, viserektor for region og samfunn ved UiT, Robert J. Didham, representant for UHR  og UNESCO chairholder ved INN og Oscar dos Santos Hellberg-Kvalsvik, internasjonalt ansvarlig ved NSO 

I 2015 samla verdas land seg om FNs berekraftsmål. Det var eit sjeldan augeblikk av global semje om ein felles veg vidare. I dag, fire år før målstreken, er framdrifta framleis for treig. Samarbeidet er skøyrast når det trengst mest, og kunnskapsbaserte, langsiktige løysingar taper ofte kampen mot akutte kriser.

Beredskap

Kriser påverkar politiske prioriteringar. Krig, tryggleikspolitikk og kortsiktig handtering bind både merksemd og ressursar, medan innsatsen for berekraft, natur og utdanning kjem fort i bakgrunnen. Samtidig er bodskapen frå FN sine fagmiljø eintydig: 

Samfunn som ikkje tek berekraft på alvor, blir meir utsette for uro, konflikt og knappheit. Å nedprioritere berekraft i utrygge tider er difor ikkje eit vern – det er ei sårbarheit.

I møte med denne utviklinga har norske universitet valt samarbeid framfor stillstand. I fleire år har Berekraftkomiteen for høgare utdanning bidrege inn i politiske prosessar og skapt møteplassar der berekraft vert løfta i det offentlege ordskiftet. Kunnskap er ikkje eit tillegg til beredskap; han er grunnmuren som gjer samfunnet i stand til å stå i endring.

Universitet og høgskular kan og skal ikkje levere den naudsynte kunnskapsberedskapen åleine. Skal samfunnet stå rusta til å handsame kriser og langsiktige omstillingar, må heile kunnskapssystemet spele på lag. 

Eit lærande samfunn

Beredskap byggjast over tid, gjennom læring, deltaking og evne til å skjøne samanhengar. Skal vi få til den transformative endringa vi snakkar om, treng vi eit lærande samfunn. Då må nokon ta ansvar for å fremje dette, og her har utdanningsinstitusjonane ei nøkkelrolle som motorar for samarbeid, kritisk refleksjon og felles problemløysing.

Natur- og klimautfordringane forsvinn ikkje når den politiske merksemda flyttast mot tryggleik og forsvar. Tvert imot er det ofte dei same mekanismane som ligg bak. Difor er satsing på utdanning, forsking og internasjonalt kunnskapssamarbeid blant dei mest målretta investeringane vi kan gjere for ei tryggare framtid. Når andre trekkjer seg tilbake, bør Noreg stå fast ved kunnskap som både solidarisk og strategisk val.

Både FN-systemet og den nye universitets- og høgskulelova slår fast at kunnskapssektoren har eit særskilt ansvar for berekraftig utvikling. Men då held det ikkje å undervise om berekraftsproblema i eit og anna emne, eller peike på at andre må endra politikk og åtferd. Utdanningsinstitusjonane må integrere berekraft i all eiga verksemd, i undervisning, forsking, drift og samfunnsrolle.

Ressursar, tid og verkemiddel

Men eit ansvar utan handlingsrom gjer lite. Skal desse ambisjonane realiserast, trengs det ressursar, tid og verkemiddel som gjer det mogleg å utvikle utdanning på tvers av fag, nivå og sektorar. Når forventningane aukar, kan ikkje kunnskapssektoren systematisk prioriterast ned og fortsetje å vere ein salderingspost.

Sterk kunnskapsberedskap er Noregs viktigaste investering, både på kort og lang sikt. Vi treng samfunnsborgarar som kan handsame kriser når dei kjem, og som samstundes kan byggje framtidas berekraftige samfunn over tid. Framtida er ikkje ferdigskriven, men vert forma av vala vi tek no; om samarbeid, prioriteringar og kva rolle vi gir kunnskapen i ei uroleg verd. 

Unge og vaksne, samt studentar og forskarar, treng alle kunnskap og ferdigheiter som gir oss evne – og ikkje minst tru – på at vi kan bidra til å byggje framtidas berekraftige samfunn. Det er moglegvis den mest grunnleggjande forma for beredskap vi har.

Photo: rrodrickbeiler.

Den kommende utgaven av Forskningspolitikk vil ha en rekke artikler om bærekraft i en urolig tid. (Red.)